Finanstilsynet advarer mot Flaaten Invest AS

Ekstern forfatter 05.06.2012 | 13:09
Facebook Twitter LinkedIn

Finanstilsynet åtvarer mot investeringstilbod marknadsført av Flaaten Invest AS


Finanstilsynet har motteke opplysningar om at Flaaten Invest AS (org. nr: 993 584 738, adresse: Noreveien 30, 5542 Karmsund) har kontakta norske investorar og tilbode investeringstenester. Selskapet har tilbode dei å overdra eksisterande plasseringar i finansielle instrument til investeringsselskapet Tri Pluss AS (org. nr. 997 824 350) mot at dei får aksjar i dette selskapet. Selskapet tilbyr òg tenester frå nettstaden www.flaaten-invest.no.  

Finanstilsynet gjer oppmerksam på at Flaaten Invest AS ikkje har godkjenning til å drive investeringstenester i Noreg, og føretaket har derfor ikkje nødvendig godkjenning etter norsk lov. Dette inneber at Finanstilsynet ikkje har tilsynskontroll over selskapet eller har godkjent tenestene som selskapet tilbyr. Finanstilsynet tilrår derfor investorar om ikkje å inngå avtaler eller overføre verdiar til Flaaten Invest AS.

Finanstilsynets register inneheld informasjon om alle føretak som har løyve til å tilby investeringstenester i Noreg. På nettstaden til Finanstilsynet er det òg ei liste (ikkje fullstendig) over aktørar i marknaden som opererer utan løyve.

Se meldingen hos Finanstilsynet.

Redigert 5. august 2012:

Finanstilsynet fatta vedtak om pålegg om stans av ulovleg verksemd den 5. juni 2012. Flaaten Invest AS har stadfesta at føretaket vil innrette seg etter pålegget og at den ulovlege investeringstenesteverksemda vil opphøyre.  

Facebook Twitter LinkedIn

Om forfatteren

Ekstern forfatter  .

© Copyright 2024 Morningstar, Inc. Alle rettigheter reservert.

Brukervilkår        Personvern        Cookie Settings          offentliggjøringer